You are viewing a single comment's thread from:

RE: Hello From Tropical Norway - Upcoming Cabin Trip

in #life6 years ago

Mange takk for innlegget om tropevarme her på Vestlandet.
Du minner oss om å verdsetja finvêret som me har hatt glede av nesten heile mai.
Sjølv om temperaturen var kjølig dei første dagane av mai månad, så har sommaren jaga vekk det kjølige vêret og me har hatt tidenes mai vêr i år med rekordtemperaturar.
Onsdag 30. mai sette Etne i Sunnhordland ny månadsrekord for Norge med 32.7 grader. Det er kjempevarmt. Så det er nok Vestlandet som har norgesrekorden for temperatur i mai.
For første gong tok eg eit sjøbad så tidleg som i mai månad. Det skjedde i går og temperaturen i sjøen på Furuneset i Rubbestadneset var heile 20 grader.
Ein heilt fantastisk sommar me har hatt no i mai, og spesielt på Vestlandet.

Med vennleg helsing
@Siggjo

Coin Marketplace

STEEM 0.28
TRX 0.12
JST 0.034
BTC 63138.90
ETH 3290.65
USDT 1.00
SBD 3.89