Eit analytisk perspektiv på: Ei mining med livet.

in #norsk5 years ago

Ei meining eller eit mål med livet er noko eg ikkje ser noko fokus på i samfunnet. Men som eg ser på som vesentleg å ha. Då for å kunna kjempa seg gjennom kva nå utfordring som livet presentere. Eg referere då til di eiga meining eller mål med kva du gjere, ikkje «meininga med livet» i seg sjølv. Som er spørsmålet mange har stilt i historia, men ikkje det eg vil ta opp her. Anna enn å sei at etter mi meining, er det opp til kvar enkelt å finna si meining med livet.

Så kva meine eg her.. Jo eg meine då at om du har eit langtids mål, eit stort mål som kanskje ikkje ein kong kjem til å bli realisert, men som du jobbe for å oppnå, som er noko du er veldig interessert i og har veldig lyst til, som også andre kan få nytte av. Det vil då vera ei drivkraft til å halda deg gåande sjølv med stor motstand i livet. Si dette vil halda både det og andre interesserte i å gjennomføra det si alle får nytte, og det vil inspirera andre til å enten hjelpa eller finna sitt mål å jobba mot. Altså å finna noko å verkeleg bry seg om som har ein positiv effekt for deg og samfunnet.

Dette vil hjelpa samfunnet i sin heilheit på fleire måtar om folk hadde brukt meir tid på dette. Blant anna vil det gi mindre fokus på pirke problem og «eg vil». Men det krevje også at det inkludere ei viss forståing for samfunnet og sjølvet. Det kan også potensielt byggja samfunnet tettare saman via at folk jobbe ilag med forskjellige mål utan å gå via sentrale etatar.

Nå er dette langt i frå ein enkel ting å jobba med, det å hjelpa folk i å finna eit mål å jobba for med engasjement basert på interesse. Det kan også vera utfordrande nokk å finna si eiga meining og mål med livet. Men det kan starta med å sjå på kva ein var interessert i tidleg i livet, kva kvar fant på saman med andre på fritida som nytta andre enn ein sjølv.

Eksempel her er om nokon blir veldig sjuke og med sterk vilje bestemme seg for å finna ut av kva som gjore han/ho sjuk og retta på det, og via det lære seg om kva som gir deg bra helsa. Og då blir det eit mål å jobba for å informera så mange som mogleg om dette så dei ikkje gjere same feilen som han/ho gjore for å hjelpa andre.
Eit anna eksempel her er at nokon kanskje er veldig interessert i teknologi og lære seg mykje ein den og eksperimentere med den og då finne opp nye måtar å gjera ting på. Og då ser nytten av det for samfunnet og jobbe med å starta kva nå som må til for å produsera det så andre kan nytta av teknologien også. Som Ellon Musk har gjort, og som Nikola Tesla gjore i si tid.
Eller du ser noko som er eller går i veldig feil og farleg retning i samfunnet og vil gjera ditt for å stoppa det og hjelpa folk med å betra seg sjølv som ein måte å hindra det på som Jordan B. Peterson gjere.
Det trenge ikkje vera så stort heller, så lenge det er noko som engasjere deg og som betre samfunnet for deg og andre. Som Ein lokal person her eg er frå, som har vore engasjert i alle tinga han har gjort og som fant ut han ville bli DJ. Lærte seg det av eigen vilje og via engasjement skaffa han seg kontakter og viste dyktigheit nokk til at han nå er relativt kjent som DJ Stisema.

Så dei folka finnest, men me trenge fleire av dei og me har eigentleg ikkje noko bra måte å hjelpa folk i den retninga på i systemet pr. I dag. Spørsmålet er vel og finst kunnskapen til korleis det kan gjerast? Det er uansett ikkje noko du kan utdanna deg til. Men eg vil påstå at kunnskapen finst, om me berre veit kor me skal leita.

Så kva skal til for å finna si meining – eit eige mål som ein har stor interesse for som andre også får nytte av. Anna enn rein underhaldning. (sjølv om nokon typar som underhaldning kan ha sin positive effekt.) Vel først må ein bli kjend med seg sjølv, som kanskje høyrest merkeleg ut, men det er mange som eigentleg ikkje kjenne seg sjølv. Eg tenke då på sin potensielle viljestyrke og kva kroppen kan gjera om ein tar kontroll over den og tar vare på og trene den. Og då via å kjenna og forstå seg sjølv betre kan ein vidare betre forstå andre også.
Vidare må ein læra seg litt meir enn dagens gjennomsnitt om korleis verda fungere for å ikkje bli lurt og frustrert av ting ein ikkje forstår. Men også som eit verktøy for å finna ut kva som trigge interessa di når du høyrer, observere eller lese det.

Vidare er det nyttig å finna nokon andre med liknande interesse og snakka med om dette for å dela perspektiv, som kanskje kan bli til nokon å samarbeide med dette om. For nokon å samarbeida med innan eit tema gjere det mykje meir motiverande enn om du er aleine. Og då var det starta, men ting er alltid enklare sakt enn gjort.

Så kva er di meining med ditt liv?

Sort:  

Congratulations @jostein! You received a personal award!

Happy Birthday! - You are on the Steem blockchain for 2 years!

You can view your badges on your Steem Board and compare to others on the Steem Ranking

Do not miss the last post from @steemitboard:

3 years on Steem - The distribution of commemorative badges has begun!
Vote for @Steemitboard as a witness to get one more award and increased upvotes!

Coin Marketplace

STEEM 0.28
TRX 0.12
JST 0.032
BTC 66367.17
ETH 3007.58
USDT 1.00
SBD 3.71