Eit analytisk perspektiv på: Mobbing.

in #norsk6 years ago

Mobbing er definert av Wikipedia som: "Mobbing inneber å utsetja ein eller fleire personar for systematisk plaging og utestenging innan ein organisasjon, til dømes ein skule eller ein arbeidsplass. Å bli utsett for mobbing kan føra til nedsett sjølvtru og depresjon, medan ein aktiv mobbar ofte har trekk som manglande empati og høg agressivitet."
Men på engelsk referert til ei gruppa med folk som plage ein enkelt person der gruppa har ein felles tankegang som går imot det den enkelte personen har. Altså «the mob mentality», vil sei at alle i gruppa har felles oppførsel som typisk er styrt av ein ledande deltakar i gruppa. At gruppa då har ein agenda mot enkelt personar, eller andre grupper.

Hovudsakleg, etter kva mitt inntrykk er, er det fokusert mest på som eit problem innan skulen, då blant born og ungdom. Men er det den einaste plassen det skjer? Ut i frå kva eg ser så nei, og det er derfor det er ekstra vanskeleg å løysa utfordringa med mobbing blant born, når det ikkje blir fokusert på dei andre plassane det også skjer på. Som, om blir gjort, kan gjera det lettare å sjå korleis born lære å mobba. For ja, det er noko dei lærer frå samfunnet det også, ut i frå mi forståing.

Så kor skjer mobbing som born kan læra det frå? Den første plassen eg vil nemna, som er meir relevant for dagens samfunn, er frå digitale media og underhaldning. Mest då frå drama seriar eller tilsvarande typar. Eg vil her legga til ein medverkande faktor til kvifor dei lærar det frå media, at den første beskjeden me får av kva TV og digitale media er, «der lære me ting om korleis denne verda er»(som har ei sanning i seg når det gjelder nyhende, barne TV og dokumentar filmar, - og barne TV er det fyrste born ser på.) Som då vidare blir til; «dette ser eg skjer i denne serien, så då må eg læra at det er ein del av korleis folk er» Som i fleire tilfelle er langt frå sanninga om folk rundt dei, men som via den beskjeden blir til ein ny standard laga av dei som ser på dei seriane.

Men dette forklarar ikkje kvifor mobbing var eit problem før fjernsynet blei vanleg i Norge og verda, så det er fleire faktorar som spela si rolla. Og då vil eg visa til vaksne si oppførsel, for vaksne folk mobbar andre vaksne folk også, men på andre nivå, men som born plukkar opp. Den mest grunnleggande måten me gjere det på som er meir eller mindre vanleg idag, er måten me snakke på når me snakke om kva folk er flinke til. For me seier at person A er betre enn person B. Og me brukar konkurranse blant folk der vinnaren får lønning for å vera betre enn andre, uten fokus på at det er den spesifikke tingen nokon er betre i og and andre er betre enn den personen i andre ting. Eg påstår då ikkje at me ikkje burde lønna folk som er dyktige til visse ting, men at det vil vera betre om fokusert er på kva dei bruka dei eigenskapane til og om dei har ei kontinuerleg betring av seg sjølv. For konkurranse med andre der vinnaren bli lønna, er i seg sjølv ikkje produktivt til anna enn ein metode der deltakarane utfordrar kvarandre for å testa kor gode dei er. Om det blir gjort i eit samarbeid blant deltakarane så er alle vinnarar, for alle vil finna kva dei kan betra seg i. Bakdelane med konkurranse har Alfie Kohn skreve mykje om i boka: No Contest – The case against Competition.

For om du ser føre deg dei 2 formene for konkurranse side om side så vil den eine bli til: Eg må gjera mitt for å vinna over den andre om det er juksing eller sabotasje er det greit så lenge eg vinne og ikkje blir oppdaga» mens den andre bli til: «Eg vil utfordra den andre til å testa kor god eg er uten å bruka anna enn sine eigne eigenskapar for å sjå kor me kan betra oss.» Og lønninga for å vera flink vil då vera betre om er i form av visualisering av resultatet og nytten andre får av det du bruker dine eigenskapar til. Om det er å hjelpa andre, å visa fram legning kontroll eller laga noko som er fint å sjå på.

Dette er same tankegangen som også er grunnlaget til ei minkande tro på seg sjølv, når ein blir fortald at si eige verd er i forhal til andre og me høyrer heila tida at alle andre er betre enn ein sjølv. «sjå på den personen kor flink han/ho er i forhal til deg.» Me læra då at om me klare å visa at me er betre enn andre rundt oss så gir det oss ei betre sjølv kjensle. Me læra sjalusi og får ikkje akkurat betre sjølv kjensle av den grunn.

Det som mangle her etter mi forståing er ein innsikt i korleis folk kom til der dei er, korleis dei bli flinke og ein større fokus på ei forståing av prosessen. Og heller ha den som motivasjon faktor til å betra oss sjølve. For om me ikkje forstår korleis folk har blitt flinke så ser me berre på målet uten forståing på korleis målet blei nåd. I tillegg til ein sjølv innsikts faktor rund kva du tillate av andre sine syn på deg, påverka kven du er. Men den kan ikkje møtast utan ein grunnleggjande sjølv kjensle. Noko som ikkje blir fokusert nokk på i skulegangen ut i frå kva eg veit.

For noko eg ser mykje av er at folk lar, kva andre seie om dei, definera kven dei er. Dette skjer av di me vil alle passa inn i samfunnet, og om noko me ser på som eit godtatt medlem av samfunnet, seier noko om oss, så tar me det til oss og lar det endre kven me er fordi me vil passa inn. Som har ein negativ effekt som me idag kalle mobbing. Si dei som seier det om andre, ser effekten av det og makta dei får av det. Dette kan definerast til å vera ein utnytting/missbruk av eit mentalt verktøy me bruke til å testa kor godt me passe inn i samfunns standarden. Fordi den personen som då kritisere ein anna, som blir sitt på som eit godtatt medlem av samfunnet, er som oftast ikkje eit godt eksempel på samfunns standarden, og då ein dårleg tilbake melding. Det kan også stillast spørsmål om me kanskje heller burde læra oss å bruka moral til referanse i staden for ein samfunns standard.

Me har også den tilleggs effekten av at nokon som har blitt eller blir mobba, kan finna på å mobba andre igjen via den funksjonen som blant høner blir kalla «pekking order». Som er det at den ledande høna hakke (mobbe) andre som ein måte å visa at «det er eg som styre her» men som har ein negativ effekt på dei andre, som blir balansert via at dei som blir hakka på finna andre å hakke på, andre som dei kanskje ser på som under seg igjen. Som er grunnen til at eit av fokusa rundt jobben for å redusera mobbing, er å gi den som mobbe støtta. Som ikkje hjelpe i lengda om det er berre det som blir gjort. Si noko av grunnen til at nokon velje å mobba andre er av di dei då blir lagt merke til og får lønning av den grunn.
Det som kan ha ein betre effekt her er som eg allereie har skrive litt om, altså å jobba med kvert individ sinn eigne sjølv kjensle, for om nokon då mobbe dei, så vil det ikkje ha den effekten dei er ute etter, og den som mobbe får ikkje det han/ho er ute etter. I tillegg til at om folk har god sjølv kjensle så dei heller ikkje velja å bruka mobbing til å betra si eiga sjølv kjensle.

::avsluttande::
Det er ser på som vil betra situasjonen og redusera grunnlaget for mobbing er å legga til som del av skulegangen opplæring av kven du er og kva som definere kven du er basert på forståing. Som at; det andre seie om deg påverke ikkje deg om ikkje du velje å la det påverka deg. Og at; å alltid har spørsmåla:kvifor og kva meine du?, i minne når du høyrer andre komma med påstandar, for å redusera sjansen til å bli lurt og manipulert. Med andre ord, legga til open, men kritisk tankegang i opplæringa. Som eit grunnlag til best mogleg forståing av innhaldet. For kunnskap har inga nytte om den ikkje er forstått.

Og husk; dette er ikkje anna enn mine tankar, forståing og perspektiv om dette.

Coin Marketplace

STEEM 0.28
TRX 0.13
JST 0.032
BTC 65229.52
ETH 2946.17
USDT 1.00
SBD 3.67